|
Article in other languages:
|
Ein robot er ein mekanisk og programmert eining som utfører oppgåver for å hjelpe menneske. I hovudsak blir robotar nytta i industrien. I likskap med interaktive dataprogram bygger funksjonen på feedbackprinsippet: ein får meldingar undervegs som styrer kva som blir utførte vidare. I teorien, og spesielt i sciencefictionforteljingar, kan òg robotar få sin eigen vilje, men det er så langt ikkje noko som har skjedd utanfor litteraturen. Ordet Robot i blei brukt første gong i den moderne forma si av forfattaren Karel Capek i 1920 i teaterstykket hans R.U.R : Rossum's. Universal Robots og har utspringet sitt i det tsjekkiske ordet robota som betyr arbeid. I praksis har det funnest robotar etter den moderne meininga av ordet i fleire hundre år. Isaac Asimov definerte i 1942 robotikken sine tre reglar:
Desse reglane blei seinare brukte i boka «I, Robot»( novellesamling )frå 1950 og dannar grunnlaget for mykje av dei moderne robot-historiene innanfor science fiction. I science fiction har ein fleire undergrupper robotar. Androidar blir mest brukt om menneskeliknande robotar, mens cyborg er ein kombinasjon mellom eit menneske og ein mekanisk robot. I norsk litteratur og tv-film kjenner vi òg til Biomaten frå Jon Bing og Tor Åge Bringsværd's. Blindpassasjer frå 1978. Biomaten er ein rein organisk men programmerbar robot. I industrien i dag blir robotar brukte i utstrekt grad til å forenkle prosessar som er keisame og/eller farlege for menneske, dersom kostnader kan reduserast og/eller kvalitet kan aukast. Utviklinga innan kunstig intelligens gjer at robotar kan verke meir og meir menneskelege med omsyn til oppførsle, men det er her viktig å hugse at dette er fordi desse robotane etterliknar element av menneskeleg oppførsel og ikkje dei prosessane som ligg bak denne oppførsla. Dei seinaste robotprogramma er blitt svært straumlinjeforma. Vi har fått plenklipparar og støvsugarar som ryggjer for hindringar, snur og går i ei ny retning og går til energipåfylling ved behov - og faktisk kjem over heile arealet innan rimeleg tid. Leiketøysindustrien sin nye mjuke «kjeledyr» som krev kos, klapp og stell er ein annan tillemping. Til no har ein vore forsiktig med å lage helt menneskeliknande robotar. KjelderBakgrunnsstoff
Questions for article: priemyselný robot, 3d biped mit forum, fotos de robôs industriais, fotos de robos industriais, podjela robota, robos de serviço, robot industri, robot rage, agv industriais (automated guided vehicles), aplicação de robôs na indústria, aplicação de robôs nas industrias |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.