Nintendo

Article in other languages:

Nintendo

Nintendobyggningen i Kyoto
Etablert: 23. september 1889
Hovudkontor: Japan: Kyoto
USA: Redmond, Washington
Canada: Richmond, Britisk Columbia
Europa: Großostheim, Tyskland
Australia: Scoresby, Victoria
Kina: Suzhou (som iQue, Ltd.)
Korea: Seoul
Bransje: Kortspel, videospel
Nykjelpersonar: Satoru Iwata: President og adm. dir.
Reggie Fils-Aime: President for NOA
Shigeru Miyamoto: Speldesignar
Hiroshi Yamauchi: Tidlegare president
og føremann
Minoru Arakawa: Tidlegare leiar av NOA
Tal på tilsette: 3013
Nettside: www.nintendo.com


Nintendo Corporation, Limited (任天堂; «Ninten» kan ein omsetje til «la himmelen styre lykka» eller «i himmelen sine hender». «Do» er ein vanleg suffiks for butikkar og laboratorium i Japan.) er eit japansk selskap som produserer spelekonsollar og videospel. Nintendo er den eldste aktøren i videospelverda. Selskapet har vore i drift sidan 1889 og har lansert ei rekkje handhaldne- stasjonære- og arkadekonsollar. Dei har berre om lag 3000 arbeidarar til saman, men har selt over to milliardar spel.

Innhaldsliste

Historie

Eit sett med hanafuda-kort som blei skapt av Fusajiro Yamauchi

Firmaet blei grunnlagt i Kyoto, Japan i 1889 av Fusajiro Yamauchi. Nintendo skulle då produsere handlaga hanafuda-kort, som skulle bli brukte i det japanske kortspelet med same namn.

Nintendo byrja på 1970-tallet å lage moderne leiketøy, som mange andre japanske føretak på den tida. Det første var ein slags elektronisk bowling. I Europa blei firmaet kjend da dei populære Game & Watch-spela blei lanserte i 1980-åra. Dei laga også den første lysbaserte digitale pistolen saman med Mitsubishi Technology, kjend frå Duck Hunt som var eit av dei første spela til den første konsollen: NES (Nintendo Entertainment System). Pistolen blei først brukt i konsollar, og baserer seg på at eit mønster lyser opp skjermen i det ein skyt, så fort at ein nesten ikkje rekkjer å sjå det, og eit kamera inni pistolen les av mønsteret, og finn ut om ein har sikta på riktig stad. Nintendo satsa no heilt på videospelmarkedet. Dei blei nokså fort ein av dei mektigaste selskapa i spelbransjen, med eit firma som hadde divisjonar i USA, Tyskland og Japan.

I 1982 skapte Shigeru Miyamoto spelet Donkey Kong. Helten i spelet, som i førsten blei kalla for Jumpman, var ein liten og tjukk rørleggar som prøvde å redde ei fortapt kvinne, Pauline, frå ein vill gorilla. Jumpman blei omdøpyt då Nintendo of America flytta hovudkontoret sitt. Sidan Jumpman hadde mange fellestrekk med huseigaren av kontoret, Mario Segali, blei han omdøpyt til «Mario». Då Nintendo lanserte Donkey Kong-spela, blei dei saksøkt av firmaet bak den kjende filmen King Kong. Rettssaka endte til fordel for Nintendo. Donkey Kong namnet oppstod på grunn av eit mistak under ein telefonsamtale, då dei japanske speldesignarane prata med ein amerikanar om kva spelet skulle heite. Japanarane oppfatta at han sa Donkey Kong, då han eigentleg sa Monkey Kong. Sidan dette ikkje blei retta opp før det første spelet vart lansert, har ingen gjort noko for å endre på det seinare. Namnet er no assosiert med ein apekatt som kastar tønner. «Donkey» tyder «esel» på engelsk. Spelet blei Nintendo sin første store suksess.

Kjende speleseriar

Nintendo står bak fleire kjende og populære speleseriar. Nokre av dei mest kjende er Mario-serien og The Legend of Zelda-serien. Pokémon-serien starta også som videospel til Nintendo, og utvikla seg derifrå til å femne leiketøy, samlekortspel og mykje anna.

Nokre kjende spelseriar:

Stasjonære konsollar

Nintendo Entertainment System

Nintendo entertainment system.png
Hovudartikkel: Nintendo Entertainment System.

Nintendo Entertainment System, ofte omtalt som NES eller berre Nintendo, er Nintendo sin fyrste stasjonære spelekonsoll. Han blei lansert i Japan i 1983 under namnet Famicom. Seinare blei maskina lansert i både Europa og USA under namnet Nintendo Entertainment System. Det var særs lite konkurranse for Nintendo på denne tida, men etterkvart byrja Sega å komme inn på spelmarknaden med den fyrste spelmaskina si; Sega Master System. NES har selt over 65 millionar eksemplar.

Super Nintendo Entertainment System

SNES.jpg
Hovudartikkel: Super Nintendo Entertainment System.

Super Nintendo Entertainment System er Nintendo sin andre stasjonære spelekonsoll, og arvtakaren til Nintendo Entertainment System. Kontrollen som følgde med maskina introduserte fleire nye knappar i forhold til NES, mellom anna skulderknappane L og R. SNES konnkurerte med Sega Mega Drive (kjend som Genesis i USA). I likskap med NES kom spela på kassettar ein måtte putte inn i maskina for å kunne spele dei. Mange kjende Nintendo-spel frå NES-tida fekk oppfølgjarar på SNES, mellom anna Super Mario World og The Legend of Zelda: A Link to the Past. SNES har selt over 49 millionar eksemplar.


Nintendo 64

Nintendo 64.jpg
Hovudartikkel: Nintendo 64.

Nintendo 64 er Nintendo sin tredje stasjonære spelekonsoll, og kunne yte med grafikk i full 3D. Konsollen gjekk under kodenamn Ultra 64 fram til 1996 då det endelege namnet blei avduka. Utrykket 64 kjem frå 64-bits prosessoren i spelekonsollen. Nintendo valde å halde fram med å nytte kassettar som lagringsmedium for spel i staden for CD-ROM trass underlegen lagringskapasitet. Grunnen til dette valet var me.a. fordi Nintendo meinte at lastetider var for dryge på CD-ROM. Nintendo 64 var den fyrste stasjonære spelekonsollen som introduserte analog styrestikke og ristefunksjon (ekstrautstyr). Nintendo 64 har selt over 32 millionar eksemplar.

Nintendo GameCube

NGC Gamecube.jpg
Hovudartikkel: Nintendo GameCube.

Nintendo GameCube er Nintendo sin fjerde stasjonære spelekonsoll. Han blei lansert året 2001 i Japan og USA, og året 2002 i Europa. Konsollen skulle konkurrere med Sony PlayStation 2, Sega DreamCast og Microsoft Xbox. Han var den fyrste Nintendo-konsollen som las av optiske discer, og var på den tida den billigaste og mest kompakte moderne spelekonsollen. Nintendo GameCube har selt over 21 millionar eksemplar. Korkje sjølve konsollen eller spela er no tilgjengelege for sal, men GameCube-konsoll, utstyr og spel er framleis populær handelsvare på fleire nettstader.

Wii

Wii Wiimotea.png
Hovudartikkel: Wii.

Wii (tidligare kjend som Nintendo Revolution) er Nintendo sin femte stasjonære spelekonsoll. Han blei lansert i 2006 i alle verdsdelar, noko som førte til ein del leveringsproblem. Maskinen tilbyr ein heilt ny måte å spele på. Kontrollen, som ser ut som ein fjernkontroll, har mindre knappar enn tidligare og registrerer rørsler frå spelaren. Det er også mogleg å kople ein del eksterne kontrollar til for å auke utvalet av måtar å spele på. Wii er den fyrste stasjonære spelekonsollen frå Nintendo som er bakoverkompatibel med spel frå førre generasjon. Wii har selt over 50 millionar eksemplar til no.

Handhaldne konsollar

Nintendos Game Boy-serie, frå eldst til yngst.

Bakgrunnsstoff


Nintendo-konsollar
NES | SNES | Nintendo 64 | Nintendo GameCube | Wii

Handhaldne: Game & Watch | Game Boy (Pocket · Light)
Game Boy Color | Game Boy Advance (SP · Micro) | Nintendo DS (Lite · DSi)

Questions for article: vaikutus populaarikulttuuriin, 10nes, นินเทนโด forbes, นินเทนโด 任天堂, crtani kendes, ǤŷƲ, data de lançamento do nintendo wii no brasil e quanto custara um, donkey kong jr en linea, download crtani filmovi, download nintendo64 games, lançamento do nintendo wii na espanha

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.


IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.