|
Article in other languages:
|
Kumanovo (makedonsk: Куманово) er den tredje største byen i Republikken Makedonia etter Skopje og Bitola. Kommunen Kumanovo er derimot den nest største i landet etter Skopje. Kumanovo ligg nordaust i landet, ikkje langt frå hovudstaden Skopje. Byen ligg i ei høgd på 340 meter over havet og er omgjeve av fjella Skopska Crna Gora i vest Gradisjtanska planina i sør og Mangovitsa i aust. HistorieOmrådet har vore busett sidan førhistorisk tid, men sjølve byen vart først nemnd i 1519 då byen var ein del av Det osmanske riket Kumanovo vart ein urban busetnad og eit administrativt senter i regionen på slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. Etter fleire turbulente periodar stagnerte byen i ein periode. Ein stor opprørsleiar kalla Karpoš vart fødd i ein landsbyen Vojnik nær Kumanovo. Han var opphavleg ein vasall under tyrkarane, men då Det osmanske riket byrja å verte svekt i 1689 og misnøya auka på grunn av dei harde skattane, vart Karpoš eit vendepunkt i slaget mot tyrkarane. I denne perioden gjekk Austerrike til åtak på Det osmanske riket og Karpoš utnytta situasjonen og opprøret spreidde seg og byane Kratovo, Kriva Palanka, Kumanovo, Kačanik og andre vart sett fri. I lag med den austerrikske hæren, leia av keisar Leopold I, kjempa dei for å setje fri Skopje og Štip. Etter kvart endra den politiske og militære situasjonen seg på Balkan og austerrikarane måtte trekke seg tilbake. Osmanarane slo så ned opprøret, Karpoš vart fanga, flytta til Skopje og avretta ved steinbrua over Vardar. Byen utvikla seg økonomisk seint på 1800-talet, men den industrielle utviklinga byrja først etter den andre verdskrigen. BakgrunnsstoffKjelder
Questions for article: dragan dautovski kvartet |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.