ISBN

Article in other languages:

Tisifra ISBN-kode
Trettensifra ISBN-kode

ISBN er kortforma for International Standard Book Number (Internasjonalt standard boknummer). ISBN-systemet er eit vanleg system for identifisering av bøker, og er meint for kommersiell bruk. I ISBN-systemet har kvart bokeksemplar eit eiga og unikt ISBN-nummer for kvar variasjon eller utgåve av boka. ISBN-systemet vart skapt i Storbritannia i 1966.

Eit ISBN-nummer inneheld ni siffer og eitt kontrollsiffer. Det er delt opp i fire siffergrupper:

  1. opphavsland eller språk (for eksempel 82 for Noreg),
  2. utgjevar eller forlag,
  3. tittel, variasjon eller utgåve av tittel,
  4. eit kontrollsiffer som avgjer om dei andre ni siffera er rett samansett.

Siffergruppene er oftast skilt med bindestrek eller mellomrom. Dette er likevel ikkje naudsynt fordi siffergruppene er laga med innleidingsteikn på ein slik måte at ingen koder tar til på same måte. Siffergruppene har ingen fast storleik så eit lite forlag vil, for eksempel ha eit langt nummer for å gjere plass for store forlag med mange bøker.

På grunn av eit avgrensa tal ISBN-nummer i nokre siffergrupper vart ISBN-systemet utvida til 13 siffer, som ei tilpassing til EAN-systemet. Dette skjedde frå 1. januar i 2007. I første omgang vart talet 978 sett framfor det gamle ISBN-numeret, og kontrollsifferet vart tilpassa i samsvar med dette. Det er tidligare tatt i bruk andre middel for å auke talet på tilgjengelege nummer, som bruk av bokstavar.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Questions for article: isbn sistema, yeni isbn, catalogar libros isbn gnu, isbn 88 95200, isbn numbers, isbn ve issn vİkİpedİ, isbn.search, isbn查核程式碼, konvertere isbn-nummer til stregkode, lektyra shkollore, msgbox 代碼表

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.


IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.